Opplev Sunnmøre

Her har vi lagt ut ei oversikt over aktivitetar, hotell, og stadar du kan kjøpe middag/mat i nærområdet rundt Bondalseidet.

Med lenker til deira heimesider.

No som Kvivsvegen har opna er det ikkje longe turen til Stryn, Hornindal og Loen.( ca 40min. Ørsta- Stryn)

So moglegheita er der for monge fine «søndagsturar» både her i Ørsta, Volda eller Stryn.

Også vegen til Herøy og Hareid er kort gjennom Eiksund sambandet.

Kort fortalt beliggenheita er sentral for mykje, både sommar og vinter.

 

Kart over «området frå Stryn til Ålesund « Bondalseidet er B på Kartet, Bondalseidet Hytteutvikling AS har kontor i Follstaddalen merka med A.

Kart Oversikt

 

Ser du noko som skulle vert med i lista nedanfor gi gjerne tilbakemelding på det,

også om du har kommentar til noko av innhaldet.

Opplevingar, mat og hotell i nærområdet

 

Ørsta Skisenter

Ørsta Skisenter er kåra av skimagasinet «Fri Flyt» til eit av Norges 10 beste skianlegg. Kvifor? Framifrå «off-piste» moglegheiter og eit flott barneanlegg.

Skibakken hyttefelt med tilsaman 20 fritidstomter og 23 hytteleilegheiter ligg som næraste nabo til skisenteret, med ski-inn ski-ut til bakken.

Skisenteret har nedfartløyper av varierande vanskelegheitsgrad og eit velpreparert turløypenett. 1200 m stolheisar og 800 m t-krok trekk gjev ein hovudnedfart på nesten 2000 m.

Her er også lysløype, den kan ein gå til Åmskaret. Flotte forhold for dei som ynskjer og gå raskt på ski men også for småbarnsfamiliar og dei som kun vil nyte ein tur på ski.

På heimesida til skisenteret er der web camera som viser skianlegget og snøforhalda.

Les meir om Ørsta Skisenter HER

Varmtvassbasenget i Volda

Ved sjukehuset i Volda har Revatiker foreninga varmtvassbaseng, dette er ope for voksne mandag, onsdag, tordag og fredag på kveldstid. Laurdagar er det familebading frå kl.10.00 – 15.00.

Sjå heimesida deira www.revmatiker.no for opningstider og prisar.

Rekkedal Gjestehus

 

Rekkedal Gjestehus er eit tun med fleire gamle og nye bygningar, alle med sin spesielle skjarm. Her er Gamlestova, Vinstova, Grindløda og Nyestova.

 

Desse har plass til alt frå ca 20 personar til ca 80 personar.

 

Ein unik plass å halde selskap, bryllaup, dåp o.l. Men også kjøpe seg ein god middag. Fine omgivelsar og hyggelig vertskap

Her på tunet har alle bygningane sin eigen utsjånad, grindløda med sine gamle bjelkar til Nyestova med heilt unike måleri i tak og på bjelkar. Her var ein lokal kunstnar inne og dekorerte

Rekkedal Gjestetun har også moglegheit for overnattiongsgjestar

Sjå heimesida til Rekkedal Gjestehus,

www.rekkedalgjestehus.no

 

Sagafjord Hotell

Sagafjord Hotell på Sæbø er nyrenovert og kan tilby flotte matopplevalsar med utsikt over Hjørundfjorden, med beliggenheit heilt i sjølanten.

www.sagafjordhotel.no

 

Ørsta Sentrum

I Ørsta Sentrum ( 15 min. frå Bondalseidet) er det monge butikkar og kafear.

Amfi Senteret har to etasjar med butikkar og to kafear. Rett over vegen har du Ørsta Torg og Gå Gata.

Der finn du kafeane Fru Svendsen og Fugl Føniks, begge kan annbefalast på de varmaste.

I Furene midt mellom Ørsta og Volda ligg Pantasjen, Lefdhal, Tilseth, Coop Exsta og meir. Her går også vegen til Eiksundsambandet, so om du vil er du berre ca 30 min. frå Ulsteinvik.

 

Brudavolltunet

Brudavolltunet er forholdsvis lite endra sidan første halvdel av 1800-talet. Her finn du både idyllisk fred og ro i tun og hage, og gjenstandar og hus som vitnar om harde tak i kampen for føda. Her er 6 bygningar med stort og smått: Våningshus med loft, kårstove med eldhus, stabbur, freda grindløde med fjøsar, truskarhjulhus med mura vassrenne, og ei gardssmie. Og ei interessant gardshistorie. Tunet ligg høgt og sydvendt ved Høgebrua om lag fem kilometer frå Ørsta sentrum i retning Sæbø.

www.brudavolltunet.no

 

Ivar Aasen Tunet

Aasen Tunet er heimstaden til Ivar Aasen, her er det blitt bygd eit stort senter for Nynorsken. Her er kafe, bøker foredrag og mykje meir. Katten Lurivar finn på mykje kjekt for borna.

Aasen Tunet ligg i Hovdebygda utanfor Ørsta sentrum retning Volda.

www.aasentunet.no

 

Erdalen Gard

I Barstadvika ligg Erdalen Gard, her har dei monge dyr og mykje kjekt for store og små , sjå http://erdalengar.weebly.com/ for deira heimeside med opningstider og meir.

 

Herøy Fritidsbad

I Fosnavågen finn du Herøy Fritidsbad, her er baseng for dei små og stort baseng for dei litt eldre. Oppvarma og sklier.

www.heroyfritidsbad.no

 

Atlanterhavsparken

I Ålesund er Atlanterhavsparken, her er mykje å sjå. Store fisketankar og opne akvarier.

www.atlanterhavsparken.no

 

Hotell Alexandra

Dersom du har lyst å bade og ta spa behandlingar er Hotell alexsandra i Loen ein flott alternativ. Ta t.d. turen for ein middag med bading etterpå.

www.alexandra.no

 

Hotell Ivar Aasen

Hotellet midt i Ørsta sentrun er Hotell Ivar Aasen, med konferanse rom og god mat.

www.hotellivaraasen.no

Hotell Union Øye

Berre ein liten tur med ferga frå Sæbø finn ein Hotell Union Øye, her kan ein t.d. kjøpe middag i historiske omgjivnadar. Dette gamle trehotellet har ein heilt spessiell utsjånad inne og ute.

www.62.no , der finn du også link til Hotell i Brosundet i Ålesund.

 

Raftevold Hotell

No som Kvivsvegen har opna er ikkje Stryn , Hornindal og Loen so langt vekk. I Hornindal ligg Raftevold Hotell, ein fin stad å stoppe for t.d. middag. (gode kjøtkaker ;)

www.raftevold.no

 

Bakketunet på Bjørke

Bakketunet på Bjørke har ei flott samling gamle hus, her er det no blitt eit senter for kunst og kultur. Med utstillingar og mogleghit for kunstnarar og leige hus.

Sjå www.bakketunet.com for program og informasjon om hendingar.



Pressemeldinger

Informasjon

Bondalseidet Hytteutvikling AS
Follestaddalen
6150 Ørsta

Utleige og hytteservice:
Anne Marte Kolås: 97 08 73 92

Salg og visning:
Inge Kolås: 99 26 46 99

Brukar Logg inn