Ski-inn ski-ut hytteleilegheiter

Utanpå

Fritidsbustad

Fritidsbustad, illustrasjon

Ski-inn ski-ut hytteleilegheiter bygd med ein heilt spesiell teknikk, såkalla grindebygg, der grindene blir synlege inne i leilegheitene. Den tradisjonelle grindebygg-teknikken som er nytta på Sunnmøre i over 400 år, er foredla av arkitekt Gunnar Hageberg til eit nytt og innovativt uttrykk.

Leilegheitene ligg i 2- og 4-mannshytter, med torvtak og ståande kledning – nett som tradisjonelle grindløer. Den vesle hyttegrenda liknar mest på ei idyllisk seter, der alle leilegheitene har panoramautsikt over dalføret med Kvanndalen rett fram, og sjølvsagt eigen veranda eller terrasse. Tomta skråar slik at alle leilegheitene vil ligge usjenert i forhold til kvarandre. Tomta vil bli planert og stelt til som naturtomt.
Og best av alt: alle leilegheitene med ski-inn ski ut til Ørsta Skisenter, kåra av skimagasinet “Fri Flyt” til eit av Norges 10 beste skianlegg, i konkurranse med nesten 300 anlegg i heile Norge. Kvifor? Framifrå “off-piste” moglegheiter og eit flott barneanlegg.

Inni

Fristidsbustad kjøkken

Arkitekttegna, hytte

Arkitekt Gunnar Hageberg har lagt vekt på at det skal bli plass til mykje i
leilegheitene og alle får sjølvsagt peisovn. Himlingar og veggar er kvite, der grindene er synlege fleire stader i leilegheitene. I 2-mannshyttene og oppe i 4-mannshyttene blir det delvis ope heilt opp i mønet og romsleg hems over bad og soverom.

Golva blir lyse, luta tregolv i stove og soverom, medan bad og gong får fliser og varmekablar. På både bad og kjøkken blir det lette innreiingar i bjørk. Bada får også toalett, dusj og opplegg til vaskemaskin. På kjøkkena er det plass til integrerte kvitevarer, både til toppbetent oppvaskmaskin og kombinert kjøl og frys.
Totalen blir eit luftig og reint inntrykk. Dersom du i tillegg vel nette møblar med lyse tekstilar, får du utnytta planløysingane optimalt, og kan skape din eigen personlege hyttestil med pyntegjenstandar, utskiftbare tekstilar og andre innreiingsdetaljar.

I tillegg

Leilegheitene blir leverte nøkkelferdige med god standard. Alle har straum, vatn, avløp og trådlaust breiband, og snørydding heilt inn på tunet. Alle leilegheitene har stor utvendig sportsbud. Dei leilegheitene som ligg i 2-mannshyttene og oppe i 4-mannshyttene har i tillegg ei stor oppbevaringshylle delvis over kjøkkenet.

Nede i 4-mannshyttene blir det 6 leilegheiter med 4 soveplassar kvar. Her blir stovene laga med skyvedør mot gangen, og med sovesofa vil dei då fungere som avskilde soverom på natta. Desse leilegheitene vil difor høve ypparleg for enslige eller par som avogtil har med seg gjester på hytta. Oppe i 4-mannshyttene og i 2-mannshyttene blir det 17 leilegheiter med 6-8 soveplassar.

Forslag til stue

Forslag til stue, illustrasjon

Desse leilegheitene får 2 soverom og hems, men også her er stovene teikna slik at det skal vere plass til sovesofa og dermed 2 ekstra sengeplassar. Dermed høver desse godt også for større familiar eller for mange gjestar. Leilegheitene egnar seg også godt for utleige, anten heile året eller utanom eigen bruk.

Se komplett prisoversikt her.



Informasjon

Bondalseidet Hytteutvikling AS
Follestaddalen
6150 Ørsta

Utleige og hytteservice:
Anne Marte Kolås: 97 08 73 92

Salg og visning:
Inge Kolås: 99 26 46 99

Brukar Logg inn